Snarvei til hovedinnholdet

Toneheim-året mitt

«Folkehøgskuleåret gav meg så mykje
Eg fann meg sjølv og musikken på nytt
Danna sterke band til vener for livet
Opplevde både gode og vonde tider
Vakre tonar fylde kvardagen med fargar
Toneheim vil alltid ha ein plass i hjarta vårt»

Hei, eg heiter Ida Øyehaug og eg gjekk på Toneheim skuleåret 2019/2020. Det er noko eg aldri kjem til å angre på!

Allereie på ungdomsskulen fekk eg høyre om Toneheim frå ein eg hadde gått i skulekorps saman med. Eg syns det høyrtest utrulig kjekt ut, det vesle Toneheim-frøet i meg var sådd. Dette vaks seg berre større med åra, etter at fleire og fleire eg kjende valte Toneheim og skrytte umåteleg mykje av plassen. Då det i tillegg vart mykje skryt av fløytelæraren var det ingen tvil, eg ville verkeleg gå på Toneheim. Etter tre år på musikklina på Stord vidaregåande skule, som både var kjekke men også tunge, søkte eg Toneheim folkehøgskule og kom inn. 

I byrjinga syns eg Toneheim verka som ein stor skule med mykje folk, men det tok ikkje lange tida før eg vart kjend med dei andre. Toneheim vart vår eiga boble, noko som gjorde at heimstaden og feriane kjendes nærast som ei parallell verkelegheit. Det at me alle budde på skulen og var med kvarandre heile tida, gjorde at eg vart fortare og sterkare knytte til folk enn eg tidligare har, me vart ein stor familie. På Toneheim passar alle på kvarandre, me heiar på og byggjer kvarandre opp. Uansett kva utfordringar eller bagasje du kjem med, passar alle saman inn på Toneheim og vert sett på som like. 

Eg føler meg svært heldig som hamna på hytte 2, den desidert beste på Toneheim. Det kunne ikkje vore ein kjekkare gjeng å bu så tett oppå, eg kjem til å sakna det sårt. Tusen takk til Kari, Aurora, Thea, Oskar, Åsmund, Fredrik, PC og verdas beste romkamerat Selena. Eg må også nemna Roy og Oline, me kunne ikkje ønska oss betre bonusmedlemmar! 

Kvardagen på Toneheim var ei inspirasjonsbombe, i frå alle dei ulike faga, elevane, konsertbesøk og ikkje minst lærarane. Lærarane på Toneheim er enormt kunnskapsrike og dyktige med ei eigen evne til å sjå kvar enkelt elev, uavhengig om ein skal prøvespela eller ikkje. Dei vart både førebilete og mentorar, men også venar. Eg sette spesielt stor pris på Anne-Lill som fløytelærar, takka vera deg fekk eg ei enorm utvikling, ny motivasjon til øving med gode metodar og ein enda større kjærleik for fløyta og musikken

Året mitt vart mykje meir unikt enn eg kunne førestilt meg, sidan me dessverre vart sende heim 2 månadar for tidleg på grunn av koronaviruset. Kvardagen fylt med folk og musikk vart bytta ut med nettundervisning og videosamtalar med toneheimarane. Det at eg ikkje fekk sagt skikkelig hade til alle dåke på skulen er det som gjer mest vondt. Likevel ville eg ikkje valt annleis hadde eg visst det kom til å ende slik, for året har vore fantastisk!

Toneheim har gitt meg heilt enormt mykje, og eg har utvikla meg både som person og musikar. Eg har vakse på å bu saman med så mange på min eigen alder, spesielt i forhold til grensesetting og det å vere vokal om kva behov ein har. Det har også vore stor hjelp i å kunne prate med lærarane dersom ein har hatt det vanskelig. Toneheim var for meg ein svært trygg plass å vera, og eg saknar det sårt. 

Til hausten fortset mitt eventyr ut i vaksenverda i Trondheim, der eg skal ta sivilingeniørforkurs ved NTNU, før eg skal vidare på arkitektstudie. Sjølv om musikken ikkje er studievegen eg ønskjer å gå, vert eg aldri ferdig med musikken. Målet mitt er å spele fløyte både aleine og saman med andre i korps eller mindre ensemble resten av livet!

Folkehøgskule er noko eg vil anbefale alle på det sterkaste, det er eit heilt unikt år som ikkje liknar noko anna. Dersom du likar å drive med musikk, søk Toneheim no, det beste året i livet ditt ventar på deg!!

 

Mvh

 

Ida Øyehaug

FORRIGE
NESTE